Sæter Action Five
action2
Sæter Action Five er ein jazzkvintett med utspring frå musikk-konservatoriet i Kristiansand. Medlemmane er alle sentrale i eit gryande nytt og kreativt jazzmiljø rundt dette konservatoriet. Kvintetten kom saman hausten 2003. Medlemmane i kvintetten er:

Gunnar Sæter, trommer
Andreas S. Løwe, piano
Guro Skumsnes Moe, kontrabass
Jon Trygve Olsen, alt- og sopransaksofon
Lars H. Kurverud, tenorsaksofon og bassklarinett.


Sæter Action Five er leia av trommeslagar Gunnar Sæter, som skriv melodiane og skissene til bandet. Sjølv om ”action” er henta frå jazzkritikar Don Heckman sitt uttrykk for å skildre 60-talets frijazz, er kvintetten mykje meir enn frie improvisasjonar. Musikken spenner seg frå energisk og friskt samspel med mykje ung kraft og vitalitet, til vakre, sarte og lågmælte komposisjonar. Ordet ”action” tyder også
aksjon, handling, verknad, løp, rørsle, slag, treffing og søksmål. Action Five søkjer å treffe publikum med slagkraftig jazz som rører deg både i det kjente og det ukjente. Musikken grunnar både i modale tradisjonar og meir friare former.
Musikarane i bandet er inspirerte av sentrale avantgarde-musikarar som Ornette Coleman, Don Cherry, Archie Shepp, John Coltrane, Albert Ayler, Lennie Tristano og Charles Mingus, så vel som Ken Vandermark og nyare nordiske jazzmusikarar.